Om
Eg hjelper deg med:
- Foto til brosjyrer og nettsider, slik som reiselivs- og landskapsbilete frå fjell – Telemark
- Foto trykt på lerret eller på fotopapir, ferdig innramma, signerte og nummererte
- Fotooppdrag utandørs (til dømes arrangement og friluftsliv). Eg har ikkje fotostudio eller utstyr til studiofotografering.
Er du interessert i å kjøpe bilete til privat eller kommersiell bruk, finn du meir informasjon under Kjøp.
Om meg
Eg starta Telemark Fjellfoto Guro Lien i 2011, men eg har vore ein ivrig fotograf i mange år før det. Det var med nytt digitalt speilreflekskamera og ein safari til Tanzania i 2007, at fotognisten blei tent for alvor. Etter at eg flytte heim og var med og starta Vinje fotoklubb, har interessa og aktiviteten auka år for år. Naturen er det mest populære motivet. Landskap, folk, dyr og fuglar er ofte i fokus, både mektige vidsyn og spennande detaljar.
Eg har vakse opp i fjellbygda Rauland og bur no like ved Åmot i Vinje i Telemark. Eg arbeider til dagleg med naturbasert reiseliv, som prosjektleiar for ”Vidda Vinn” for Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar.
Fotoutstyr
På mitt kamera Canon EOS 60D står oftast favorittobjektivet Canon EF-S 17-55mm f/2.8 IS USM. Eg har også eit Caonon macroobjektiv og eit 70-200 f/2,8 med converter til sport, fuglar og dyr.